Rassikring er livsviktig!

Nasjonal rassikringsgruppe

Nasjonal rassikringskonferanse i Tromsø 9. mars!

I samarbeid med Troms fylkeskommune arrangerer Nasjonal rassikringsgruppe en ny Nasjonal rassikringskonferanse, denne gang i Tromsø 9. mars.

Mer informasjon finner du her.

 

 

 

(30. juni 2016 - sendt til Samferdselsdepartementet)

Uttalelse til grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029

Nasjonal rassikringsgruppe etterlyser en helhetlig tidsplan for skredsikring av hele det offentlige vegnettet innenfor planperioden til NTP.

I forbindelse med NTP-prosessen har vegregionene i Statens vegvesen oppdatert sin kunnskap om skredsikringsbehov. De totale, beregnede kostnadene for skredsikring på vegnettet er pr. 2015 på 47,4 milliarder kr. fordelt på 22,2 mrd kr i region Vest, 17,7 mrd kr i region Nord, 3,9 mrd kr i region Midt, 3,1 mrd kr i region Øst og 389 mill. kr. i region Sør. Beregningene gjelder sikringsprosjekt som er innenfor «middels» og «høy» prioritet i Statens vegvesens egen regnemodell for skredfaktor.

I grunnlagsdokumentet er det lagt inn følgende beløp på skredsikring i de ulike rammene:

Lav ramme:

Post 31 (riksveger) årlig.  264 mill. kr.

Post 62 (fylkesveger) årlig:  458 mill kr.

Totalt, begge poster årlig: 722 mill. kr.

Basisramme:

Post 31 (riksveger) årlig.  893 mill. kr.

Post 62 (fylkesveger) årlig:  594 mill kr.

Totalt, begge poster årlig: 1487 mill. kr.

Middels og høy ramme:

Post 31 (riksveger) årlig.  1106 mill. kr.

Post 62 (fylkesveger) årlig:  813 mill kr.

Totalt, begge poster årlig: 1919 mill. kr.

Gjeldende NTP har en ramme på skredsikring på 1564 mill kr., totalt for begge postene (årlig). For middels og høy ramme innebærer forslaget i grunnlagsdokumentet en økning på 23 % mens det for basisrammen og lav ramme innebærer en uakseptabel nedgang.  Når det gjelder skredsikring, er økningen i middels/høy ramme langt fra nok, fordi antall skredpunkt og beregnede kostnader øker kraftig for hver ny kostnadsgjennomgang.

Når man sammenligner behovet (47,4 mrd) med foreslått (høy) ramme på 1919 mill kr årlig, ser man at det fra 2018 vil ta om lag 24 år før skredsikringsprosjektene på middels og høy skredfaktor er finansiert. Det er dobbelt så lenge som tidsrammen for NTP 2018-29 og alt for lang tid å vente for brukerne av vegnettet.

Nasjonal rassikringsgruppe kan ikke akseptere at det bør stilles krav om at fylkene må medfinansiere skredsikringstiltak på fylkeskommunale veger, slik det formuleres på side 170 i grunnlagsdokumentet.

Nasjonal rassikringsgruppe savner en nasjonal plan med konkret tidsperspektiv for skredsikring av det offentlige vegnettet. Gruppens egen målsetting er at vegnettet skal være sikret innen 2030. I samtaler med ulike politiske partifraksjoner i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har vi møtt stor forståelse for denne målsettingen. Vi tror derfor at en offensiv plan med konkrete mål for å sikre hele vegnettet vil ha gode sjanser for å få tilslutning. For å få gjennomført en slik satsing innen NTP-perioden på 12 år, må middels/høy ramme dobles.

Nasjonal rassikringsgruppe:

Åshild Kjelsnes, Sogn og Fjordane fylkeskommune (leder)

Geir Ove Bakken, Finnmark fylkeskommune (nestleder)

Kari-Anne Opsal, Troms fylkeskommune

Willfred Nordlund, Nordland fylkeskommune

Karin Bjørkhaug, Sør-Trøndelag fylkeskommune

Lilly Gunn Nyheim, Møre og Romsdal fylkeskommune

Benthe Bondhus, Hordaland fylkeskommune

Torkel Myklebust, Rogaland fylkeskommune

Anne Elisabeth Thoresen, Oppland fylkeskommune

 

 

(18. april 2016)

Innlegg på rassikringskonferansen i Geiranger 6 - 7. april

Her er innlegget som Åshild Kjelsnes, leder i Nasjonal rassikringsgruppe, holdt på minikonferansen om rassikring som ble arrangert i Geiranger 6. og 7. april:

  "Velkommen til Geiranger!

Konferanse som set ei viktig nasjonal problemstilling på dagsorden – manglande rassikring

Mange kjente – men også ein del nye ansikt for meg

Vil derfor innleiingsvis sei litt om Nasjonal rassikringsgruppe, kven vi er, mandat, kort historikk  og kva vi kjempar for.  For eigentleg kjempar vi dykkar sak, de og alle andre som bur eller må forholde seg til rasfare i kvardagen enten som privatperson eller som næringsaktør.

Så vil eg komme med litt fakta  - nokre refleksjonar over kvifor rassikring er viktig i eit nasjonalt perpektiv og så vil eg avslutte med ein appell som eg håpar vil gå att i konferansen og framfor alt ein appell eg håpar mange vil gjenta ilag med oss i tida som kjem.  Vi står nemleg i ein skjebnetime som vil avgjere kampen for rassikre vegar dei neste 12 åra.

Først, kven er vi:

Den nasjonale rassikringsgruppa består av ein sentral fylkestingsrepresentant frå 9 fylke, dvs. halvparten av fylka i Norge. Det er Finnmark, Troms, Nordland, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Oppland.  Nasjonal rassikringsgruppe vart oppretta i 2001, då med representantar frå dei 7 mest rasutsatte fylka, og sidan har altså to slutta seg til gruppa.  Det var mange initiativ til å gå saman i ei gruppe, men det var faktisk ein statssekretær frå Krf som meinte at det å opptrå som ein nasjonal blokk ville vere smart sett opp mot å budbringe sitt bodskap ein og ein, og vi har gjennom desse åra erfart at det er sant.  Å representere nokon på nasjonalt nivå er ein god døropnar på mange vis. Men no er vi utålmodige og vil ha breiare dører.  Det kjem eg tilbake til.

Gruppa er i dag samansatt av Geir Ove Bakken frå Finnmark.  Han er gruppa sin nestleiar.  Frå Troms kjem Kari-Anne Opsal, frå Nordland Wilfred Nordlund.  Han har verkeleg fått kjenne naturkreftene dei siste dagane med to store ras på fylkesveg----- der tre hus og eit stort område av vegen er rast ut, noko som vil føre til betydelege vanskar for kvardagslivet for mange menneske og næringar og store økonomiske utgifter.

I Sør-Trøndelag har vi Karin Kirsti Bakklund Bjørkhaug.  Her i Møre og Romsdal er Lilly Gunn Nyheim dykkar representant.  Eg kjem frå Sogn og Fjordane og er leiar av gruppa.  I Hordaland er representanten Bente Bondhus, i Rogaland Torkel Myklebust og i Oppland Anne Elisabeht Thoresen. I tillegg har vi ein erfaren sekretær frå Troms, Pål Alvereng.

Mandatet til gruppa er å sette rassikring på politisk dagsorden og arbeide for å auke rammene til rassikring  på veg. Dette har vore vår ledestjerne sidan oppstarten og sjølv om vi er utolmodige i dag så har det skjedd gode ting desse åra.  Då gruppa vart etablert låg løyvingane til rassikring på landsbasis på ca 300 mill kroner årleg.  Det var ingen samanliknbar oversikt over kva strekningar som var utsatt i dei ulike fylka.

I dag har vi i alle vegregionane oppdaterte oversikter som kan direkte samanliknast når det gjeld faregrad og kostnader.  Det er utarbeidd kriterier for berekning av risikofaktorar som alle forheld seg til.  Det er ein eigen rassikringspott på riksveg og på fylkesveg.  Vegdirektoratet set fokus på ny teknologi og har senka terskelen for når ein veg vert stengd pga rasfare.

I dei første åra var målet vårt å komme opp i1 mrd årleg i rassikringsmidlar.  Då gruppa starta arbeidet sitt fekk vi høyre at det var utopisk å oppnå, og vi vart ledd av i starten når vi tok til orde for dette. Men vi jobba målretta vidare og vi vart fort samde om nokre køyrereglar som gruppe.

Alt tallmateriale skulle vere faktabasert, og vi nyttar berre offisielle tal frå SVV i vår dokumentasjon.  Vi prioriterer ikkje mellom prosjekt, vi bruker eksempel for å belyse behovet i ulike delar av landet og vår jobb er å få ramma til rassikring opp.  Vi jobbar tverrpolitisk og brukar same skyts uavhengig av kven som til eikvar tid sit med makta.

Det var ein stor merkedag då daverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete kunngjorde at ho ville legge 1 mrd inn i statsbudsjettet og det vart malen for NTP behandlinga. Vi trengte litt pusterom som gruppe etter dette.  Eit mål var nådd, samtidig som vi såg at nyare talmaterial viste at det ville ta altfor lang tid å sikre vegnettet sjølv med denne løyvingstakten.

Etter litt famling og motivering internt kom vi fram til vårt nye mål, og vår ambisjon for alle innbyggjarane rundt om i landet som må leve med rasferleg veg. Vår ambisjon er at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. Ved lanseringstidspunktet ville det sei to vegplanperiodar og det synes vi var eit tålmodig og rettferdig mål.

Eg må sei at vi i åra etterpå har opplevd noko merkeleg.  Både sentrale politikarar og nøkkelfolk i SVV er velvillege og opptatt av at rassikring er viktig, men vi har jo fått milliarden vår, og no krev vi faktisk meir.  Eg les nesten i augo deira – vi har jo gjort så mykje – de har fått det de ba om – eig de ikkje magemål eller skam?  Eg kjem tilbake til dette.

Men først litt fakta og refleksjon. I motsetning til då vi satte 1 mrd som mål er behovet for rassikring i dag vel dokumentert i alle dei 5 vegregionane, og det er faktisk ingen av regionane som slepp unna rasproblematikken.  Med andre ord eit reelt nasjonalt problem. Det er i dag ingen rakettforsking som må til for å ta igjen etterslepet, eller å sjå korleis ein ligg an i forhold til målsettingane t.d. i gjeldande NTP.

I inneværande NTP som går inn i sitt siste år er ein på Rv nettet no i 2016 oppe i 78% av kva som var lovd bevilgning i perioden, og på Fv nettet er ein nede på 66%.  Det betyr at regjeringa må trå til i 2017 for å nå si eiga målsetting for inneverande periode. Ein skulle tru dette ville bety at ein då ser at ein må vere offensiv for kommande NTP.  Vi kjenner som sagt behovet frå dei nye skredsikringsoversiktene.  Det er lett å berekne korleis ein skal nå målet i 2030.

Kva er berekna behov?  Det er berre prosjekt med høg og middels faregrad som det er rekna på og tala er grove med behova fordeler seg slik:

Region Nord:  Rv 7 mrd, Fv 10,7 mrd

Region Midt:  Rv 1,2 mrd, Fv 2,6 mrd

Region Vest:  Rv. 10 mrd, Fv 12 mrd

Region Sør:   Rv 117 mill, Fv 272 mill

Region Øst:  Rv 2,1 mrd, Fv 950 mill

Det vil sei eit samla behov på Rv på ca 20 mrd og på Fv ca 26,7 mrd.  Merk behovet er altså størst på Fv nettet, men som de skal sjå foreslår etatane i sitt framlegg til NTP at Rv får høgast ramme.  I tillegg ligg det på s 170 i NTP dokumentet inne forslag om at «det bør stilles krav til at fylkeskommunene går inn med mildlar til delfinansiering.  Midlane til skredsikring på fylkesveg er ei tilskotsordning»

Kva seier egentleg forslag til rammer til NTP 2018 – 2029 om skredsikring?

Det er som de veit 4 ulike rammeforslag, lav, basis, middels og høg.

Ved lav ramme for 12 års perioden er det samla forslått løyvd 8,6 mrd.  Dette er om lag 46% av det som vert løyvd i dag og dette er einaste ramme der Fv kjem høgast ut.

For basis ramma er det forslått løyvd 17,8 mrd, dvs om lag 95% av dagens løyving

For middels og høg ramme er det  i begge kategoriar foreslått løyvd 23 mrd, som tilsvarar ein auke på 23% i forhold til dagens ramme. Det betyr at med dette utgangspunktet er det ein manko på ca 24 mrd for å nå målet om at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030.  Då held vi lav kategori utanfor.

Med høgste rammer legg ein altså opp til å løyve ca 1,9 mrd pr år.  For 2 år sidan, dvs siste budsjettframlegg frå førre regjering vart det løyvd 1,7 mrd.  I 2016 er vi nede i vel 1,2 mrd.  Kva har skjedd?  Har arbeidet med rassikring ramla under radaren og merksemda.  Frå 2017 treng vi ca 3,4 mrd pr år for å nå den nasjonale rassikringsgruppa sitt mål.  Er det utopi slik milliarden var ein gong?  Nei, dette handlar om politisk vilje og handlekraft. Det er mykje fokus på etterslep, på forfall, og det vert varsla krafttak med mykje større beløp enn det rassikring treng. Kvifor er det så tafatt ambisjon på dette grunnleggande, basale kravet?  Kva verdi har isolert sett 4-felt, flott framkomst, godt dekke, slak kurvatur og stigning når ein ikkje kan vere trygg for å få sende folk og frakt på vegen?

Dokumentasjonen har aldri vore betre.  Klimaendringane har aldri vore tydlegare.  Tallgrunnlaget har aldri vore meir solid.  Ny teknologi har aldri vore meir tilgjengeleg.   Kva er då grunnen til manglande ambisjonar frå fagetat og tilsynelatande frå politisk toppnivå?

For meg verkar det som om milliarden vart ei sovepute.  Det vart bedageleg å vere bakoverlent, ein har oppnådd mykje, rasfare må ein leve med, ein kan stenge oftare då er det trygt, og ein kan vise til ein stabil aktivitet over tid.  Det er får tilsynelatande vere ok, Det er få dødslulukker.  Ein har utvikla eit beredskapssystem så vegar stengast hyppigare.  Er ikkje alle passe tilfreds då?  Så finns flaggskip som Åkneset med si overvåking. Fagetaten vil gjerne konsentrere seg om andre viktige oppgåver som får positiv medieblest- er det slik?  Er dette godt nok?

Det siste kan eg svare klart og høgt NEI til.

Derfor gode forsamling har eg ein apell når vi no drar i gang konferansen og arbeidet mot NTP 2018-2029 for alvor. Mine venner – vi står ovanfor eit historisk vegskilje.  I 2018 startar NTP som skal vare nesten heilt fram til 2030 då vi skal feire at det offentlege vegnettet er sikra mot rasfare. Det året då vi skal feire at det som burde vere sjølvsagt, nemleg at trafikantane har rett til å ferdast på trygt på norske vegar utan fare for liv og helse pga. av noko dei sjølv ikkje kan verje seg mot.

Viss vi ikkje lukkast i å få auka viljen til innsats, viljen til å ta unna etterslepet på rassikring,  viss ikkje får får auka ramma til rassikring med 24 mrd i 12 års perioden vil våre barnebarn måtte sei at dei prøvde, men dei greidde det ikkje, og vi lever fortsatt med rasfare.  Og endå verre dei må gjere det i uoverskuleleg framtid mot 2050 etter 2050 for det finns ingen ambisjon frå fagetaten om å nå målet slik som for motorvegnettet mot 2050 heller.

Godtfolk dette er rett og slett uakseptabelt på vegne av folk i heile Norge.  Som eg sa innleiingsvis, alle vegregionar har denne problematikken i sitt nærområde.  Derfor er det utruleg viktig at vi no står saman på tvers av politiske parti, på tvers av kommuner og fylke, på tvers av næringar og organisasjonar, grendalag you name it.  Eg ber om og eg forventar faktisk at alle i sine innspel, kommentarar, krav,  høyringar fram til NTP vert vedtaken i Stortinget høgt og tydeleg set fram det same kravet – slik at det vert gjenteke og gjenteke.  Nemleg:  Vi krev at det offentlege vegnettet er sikra mot ras innan 2030.

Det er no slaget står.  Dette slaget kan vi og skal vi vinne.  Det er fullt mogeleg, men vi må gje eintydig bodskap og ikkje la det komme ein bisetning om at rassikring er viktig etter at alle andre krav er fremja.  Det forventar eg av dykk – er de med? Eg vil ikkje sjå ei uttale om NTP utan at dette bodskapet er  headliner.

Då vil vi gje regjering og Storting høve til å sei – vi gjorde det – og vi vil vite vi la grunnlaget for at det vart mogeleg."

 

 

(29. februar 2016)

NTP-forslaget ikke i nærheten på skredsikring

Hoveddokumentet for Nasjonal Transportplan 2018 – 2029 er nå lagt fram.

Når det gjelder skredsikring, er dokumentet ikke i nærheten av å dekke de behovene som Statens vegvesen selv har dokumentert. Se vår pressemelding.

 

 

(29. februar 2016)

NTP 2018–2029 legges fram

Mandag 29. februar overleveres "Grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018–2029" fra Kystverket, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Avinor AS til Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Overleveringen skjer kl. 10.00, og pressekonferansen blir overført direkte.

Nasjonal rassikringsgruppe har sterke forventninger om at det blir tatt krafttak for å skredsikre hele vegnettet. Se vår pressemelding.

 

 

(24. februar 2016)

Fem nye medlemmer i Nasjonal rassikringsgruppe

Etter fylkestingsvalget høsten 2015 har de ni fylkene som deltar i Nasjonal rassikringsgruppe, oppnevnt hver sin representant i gruppen.  4 av representantene fra forrige periode fortsetter, mens fem medlemmer er nye.

 

 

(8. oktober 2015)

Uforståelig nedgang på skredsikring av veg

I regjeringens forslag til statsbudsjett for 2016 blir midlene til skredsikring av veg redusert med en kvart milliard kroner sammenlignet med årets budsjett.

Det er en dramatisk reduksjon når man ser det i sammenheng med de enorme sikringsbehovene som finnes på vegnettet pr. i dag og de ekstra utfordringene som forventes som følge av klimaendringer.
Les pressemeldingen her.

 

 

(8. august 2014)

Rassikringskonferanse 10. november

Det blir rassikringskonferanse den 10. november. Konferansen vil bli holdt på Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo. Samferdselsminister Solvik-Olsen har bekreftet at han vil holde åpningsinnlegget.

 

 

(3. april 2014)

Møte med Solvik-Olsen

Nasjonal rassikringsgruppe hadde den 31. mars møte med Samferdselsminister Solvik-Olsen og hans stab. Gruppa presenterte seg, sine mål og krav, og det ble en dialog om utfordringene framover. Samferdselsminister Solvik-Olsen mener det er tverrpolitisk enighet om at rassikring skal prioriteres og sa at regjeringen har som mål at NTP skal overoppfylles og at rassikring skal opprettholdes på alle strekninger. Så får vi se ved de neste budsjettframleggene og ved utarbeiding av ny NTP om ramma økes ytterligere slik at målet om at alle veger skal være sikret innen år 2030, kan nås.